Valdres Forsvarsforening og Nord-Aurdal kommune inviterer alle innbyggarane i Valdres til BEREDSKAPSKVELD 5. mars. Kvelden byr på eit innhaldsrikt program med representantar frå Storting, statsforvaltar, kommuner, Sivilforsvaret, Norges Forsvarsforening og Beredskapshagen.
Ei farlegare verd. Kva betyr det for oss? Kva gjer me når krisa rammar oss? Kor godt førebudde er me?
STED:Valdres vidaregåande skule, auditoriet
TID: 5. mars, frå kl. 18:00 til ca. kl. 21:00.
PROGRAM
Velkomen ved styreleiar i Valdres Forsvarsforening, Per Kristen Skaran
Velkomen ved styreleiar i Valdres Forsvarsforening, Per Kristen Skaran
18:00-18:10 Appell ved stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand & regionleiar i Valdres, Marit Hougsrud.
18:10-19:00 «Ei verd i omvelting – Endringar i amerikansk utanrikspolitikk og konsekvensar for Norge« ved president i Norges Forsvarsforening, Arne Bård Dalhaug.
19:00-19:30 «Totalberedskap og eigenberedskap» ved seniorrådgivar Simen Dølgaard, Statsforvaltaren i Innlandet.
19:30-19:45 Kaffepause og beinstrekk.
19:45-20:05 «Totalberedskap og eigenberedskap» held fram.
20:05-20:25 «Utvida beredskapsråd» ved stabsleiar Tor-Erik Hjelvik Lund og leiar i Valdres, Trond Vidar Solhaug, Sivilforsvaret.
20:25-20:50 «Beredskapshagen som del av eigenberedskap i Valdres» ved Anders Nordrum.
20:50-21:00 Informasjon og avslutning ved beredskapsleiar i Nord-Aurdal kommune, Ivar Svensson.
DELTAKARAR
Marit Knutsdatter Strand, med opphav i Øystre Slidre, representerer no Senterpartiet og Oppland på Stortinget i si andre periode. Ho er utdanna lektor i realfag frå NMBU på Ås og er nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget i dag. I Senterpartiet har ho engasjert seg for beredskap, sjølvforsyning og forsvar i ulike verv gjennom 15 år. Biografi og meir informasjon finn du på stortinget.no.
Marit Hougsrud, ordførar i Sør-Aurdal kommune sidan 2019. Utdanna sivilagronom innan skogbruk ved Norges landbrukshøgskole på Ås.
Ho har vore øvste leiar i ein(stryk ein) krisestab gjennom fleire kriser som har råka kommunen, som pandemien, stormen i 2021 og flommen Hans. (Her manglar det tekst!!)
Ho har vore øvste leiar i ein(stryk ein) krisestab gjennom fleire kriser som har råka kommunen, som pandemien, stormen i 2021 og flommen Hans. (Her manglar det tekst!!)
Arne Bård Dalhaug er pensjonert generalløytnant og president i Norges Forsvarsforening. Han har mellom anna vore sjef for Avdeling for forsvarspolitikk og langtidsplanlegging i FD, sjef for Forsvarsstaben/NK i Forsvaret, samt representant for Norge i NATO og sjef for NATO Defense College i Roma. Frå 2016 til 2019 hadde han ei sentral leiarstilling i OSSE sitt observatørkorps i det russisk-okkuperte området i Aust-Ukraina. Dalhaug skriv fast for Dagens Næringsliv og Altinget, og er fast kommentator i Dagbladet.
Simen Dølgaard er seniorrådgivar ved eininga for samfunnstryggleik og beredskap hjå Statsforvaltaren i Innlandet. Dei siste åra har han hatt ansvar for analysar av den tryggingspolitiske situasjonen sine konsekvensar for Innlandet og arbeidet med å revitalisere totalforsvaret regionalt og lokalt som ei følgje av dette. Simen har ein mastergrad i samfunnstryggleik og beredskap frå UiT – Norges arktiske universitet, og har tidlegare jobba som kommunal beredskapskoordinator.
Tor-Erik Lund, sivilforsvarsinspektør og stabssjef i Oppland sivilforsvarsdistrikt.
Har 15 års teneste i ulike avdelingar i Hæren og har vore tilsett i Oppland sivilforsvarsdistrikt sidan 2016 – dei siste åra som stabssjef. Han har ansvaret for den daglege drifta av distriktsstaben, inkludert beredskap, vakt, øving, trening, hendingar og samvirke.
Har 15 års teneste i ulike avdelingar i Hæren og har vore tilsett i Oppland sivilforsvarsdistrikt sidan 2016 – dei siste åra som stabssjef. Han har ansvaret for den daglege drifta av distriktsstaben, inkludert beredskap, vakt, øving, trening, hendingar og samvirke.
Trond Vidar Solhaug, leiar LIA 01 Valdres. Tenestepliktig i Sivilforsvaret sidan 2010.
Anders Nordrum, pensjonert gartnarlærar og i dag formidlar av kunnskap om Beredskapshagen. Utdanna gartnar og pedagog. Har jobba 22 år ved Gjennestad gartnarskule i Vestfold og til saman 15 år i Kriminalomsorga, der han nytta gartnarfaget som verktøy i møte med innsette.
Ivar Svensson, beredskapskoordinator i Nord-Aurdal kommune. Til dagleg varabrannsjef og avdelingsleiar for beredskapsavdelinga i Nord-Aurdal brannvesen sidan 2009. Har tidlegare jobba i Forsvaret og har bakgrunn som bilskadereparatør.