Vi gjengir her talen som språkprofessor Gunnstein Akselberg (kjent fra Språksjov ved Linda Eide) holdt på Bømoen 8. mai. Talen har fått svært rosende omtale og mange mener det er en av beste talene som har vært holdt i gamle Bømoen leir.
Gode frammøtte!
•I år er det 79 år sidan den andre verdskrigen slutta 8. mai 1945.
•I år har me i Noreg levd i fred og fridom i 79 år.
•I 79 år har me i Nord- og Vest-Europa levd i fred og fridom.
•I 79 år me i Nord-, Vest- og Sør-Europa levd i fred og fridom.
•Ein så lang fredsperiode skal ein leita lenge etter for å finna maken til.
•Men ikkje alle i Europa har levd i fred og fridom i desse 79 åra.
•Og i verdssamanheng har mange opplevd ufred og manglande fridom desse 79 åra.
•Fred og fridom kjem kjem ikkje dalande ned frå himmelen på kvite skyer.
•Fred og fridom er eit resultat av intenst arbeid, krevjande innsats, sterk vilje, oppofrande kraft og sjølvgløymande pådriv.
•Fred og fridom må nærast og haldast vedlike.
•Fred og fridom går ikkje på autopilot og tomgang.
•Fred og fridom må hegnast og verjast.
•Fred og fridom er ikkje til sals i gatekjøkken og på automater.
•Fred og fridom må lærast og formidlast.
•Fred og fridom krev kunnskap, innsikt og klokskap
•Fred og fridom byggjer på verdiar, normer og haldningar.
•Arbeid for fred og fridom byggjer på erfaring.
•Erfaring formidla frå dei eldre generasjonane til dei yngre.
•Arbeid for fred og fridom treng rekruttering.
•79 år med fred og fridom har gjort at fred og fridom er noko ein tek for gitt.
•79 år med fred og fridom har gjort at fred og fridom er noko som berre er der.
•I kvardagen spør ein seg ikkje om kven som har sådd, vatna og dyrka fram freden og fridomen.
•Fred og fridom er vorte som varer i ein supermarknad, som eple, mjølk, ost, kjøt og rosiner.
•I den mordne butikken har ein henta varene utan å spørja kven som har knadd, steikt, odla og bore varene fram.
•Slik er det òg vorte med freden og fridomen hjå oss, me gløymer eller veit ikkje alltid kven som skapar og vernar om den.
•79 år med veksande velstand og aukande individuelt armslag, har gjort at avstanden til dei som sådde frøa, og tok seg av og pleidde framvoksteren av dei skjøre plantane fred og fridom, har vakse seg vid.
•Krig og ufred er noko som finst andre stader i verda, me har nok med å auka den veksande velstanden vår.
•Men brått ein dag kan tilhøva endra seg. Slik som me ser tillaup til i dag.
•På kort tid har ei verd utan særleg mørke skyer på den internasjonale himmelen, opplevd krig og elende like utanfor stovadøra.
•Krigen er komen attende til Europa i full skala.
•Ein tanke som var utenkeleg for berre nokre få år tilbake.
•Fred og fridom gjeld på mange område.
•Fred og fridom omfattar materielle tilhøve, sosiale, økonomiske, religiøse, vitskaplege, ideologiske, politiske og medisinske – til tryggleik og vern for alle.
•Krig og ufred omfattar i dag ikkje berre militær krigføring.
•I dag omfattar krig og ufred også moderne krigføring knytt til avansert teknologi som samfunnet no er vorte heilt avhengig av.
•Øydegging av tekniske nettverk av alle slag, øydelegging av infrastruktur.
•Øydelegging av grunnleggjande informasjonsteknologi, øydelegging av røyrleidningar, stenging av radio- og fjernsynstasjonar.
•Stenging av skular, universitet og hindra fri flyt av kunnskap til fordel for propaganda og falske nyhende.
•Det moderne krigsomgrepet må endrast til også å omfatta slik krigsskade og slikt krigsutstyr.
•Me lever i ei ombrotstid. Store materielle og fysiske sendringar går hand i hand med omfattande teknologiske, ideologiske, sosiale og kommunikatine endringar.
•Dei sosiale media har på kort tid snudd opp-ned på mange av dei tradisjonelle måtane og ordna kvardagen på.
• Mange lever i si eiga teknologiske og individualistiske boble.
• Utan altfor mange tentaklar knytte til den sosiale og den kulturelle verda utanfor.
• Utan for mange justerande impulsar frå røynda.
• Då kan ein fort hamna i grøfta, få vanskar med å reisa seg at og verta eit medmenneske til gangs for felleskapen.
• Dei sosiale media, KI og andre kule teknologiske nyvinningar kan føra til isolasjon, til individuell frustrasjon, og til sosial og materiell destruksjon.
• Med store skadar for samfunn og felleskap.
• Skadar som det kan ta tiår og rehabilitera. Om dei i det heile lett seg reparera.
• Menneska har vore gjennom store ombrotstider tidlegare.
• Ombrotstider knytte til, og iverksette av, idear, ideologiar og tankegods som har fokusert på mennesket som eineståande art og på medmenneskelege relasjonar.
• Slike ombrotstider har ofte vortne utløyste av reformasjonar og revolusjonar som har vilja kvitta seg med gamle undertrykkjande regime og forelda tankegods og menneskesyn.
• Ei slik ombrotstid står me i no.
• Krigar og krigshandlingar bryt laus på dei mest uventa arenaer og slagmarker.
• I dag, den 8. mai, feirar og minnest me, dei som fridde oss frå krig, naud og ufridom etter ein 5 års lang okkupasjon.
• Den 8. mai er både ein frigjeringsdag og ein veterandag.
• Ein fridomsdag og veterandag.
• Me minnest dei som miste livet under andre verdskrigen i kamp for demokrati og fridom.
• Dessutan heidarar me den 8. mai krigsveteranane frå den andre verdskrigen, og veteranar frå operasjonar knytte til forsvar av demokrati, fred og fridom etter den andre verdskrigen.
• Det er viktig å halda minnet om krigsveteranane vedlike, kva dei sloss for og for at dei la grunnlaget for freden og fridomen i dag.
• Og ikkje minst, at arven frå dei skal vaksinera oss som lever i dag frå gløymske og kunnskapsløyse i arbeidet og kampen med å halda freden, fridomen og demokratiet oppe.
• 8. mai skal vera ein dag der me heidrar og ærar dei som har slost for vår fred og fridom i dag, under og etter den 2. verdskrigen.
• Men 8. mai skal òg vera med å utstyra dei unge i dag med kunnskap, innsikt, vilje, engasjement og pågangsmot til å føra arbeidet med fred og fridom vidare – inn ei i framtid som akkurat i dag ser nokså myrk og motlaus ut.
• Men undommen har redda samfunnet før, mot militære, materiellle og ideologiske overgrep.
• Og dei vil gjera det på ny.
• Når den nære eller fjerne verdssituasjonen har vore truande tidlagare, har dei store diktarane stått fram for å mana til kamp for og vern og fred og fridom.
•Ideane frå reformasjonen, frå opplysningstida, frå den amerikanske revolusjoen, frå den franske franske revolusjon, frå av arven frå 1814, frå arven frå 1905 og frå arven frå 1945 har inspirert oss til vern om fred og fridom tidlegare.
• Og vil gjera det vidare framover.
• Frå den franske revolusjonen har me slagordet «Liberté, égalité, fraternité», «fridom, likskap, brorskap».
• Frå romantikken og den tyske forfattaren Johan Gottfried Herder har me slagordet om samanhengen mellom ein nasjon, eit folk og eit språk.
• I FN si menneskerettserklæring heiter det i artikkel 1:
•«Alle menneske er fødde frie og med samme menneskeverd og menneskerettar. Dei er utstyrte med fornuft og samvet og bør handla mot kvarandre i brorskaps ånd».
I tidlegare tider då det galdt å verna om fridomen som best, skreiv dei store diktarane oppeldnande strofer, som til dømes trønderen som vart biskop i Bergen, Johan Nordahl Brun med diktet «Norges Skaal» (1771), som var Noregs nasjonalsong ut på 1800-talet.
1. Strofe
For Norge, Kjempers Fødeland,
vi denne Skaal vil tømme!
Og naar vi først faar Blod paa tand,
vi sødt om frihed drømme.
Dog vaagne vi vel op engang
og bryde Lænker, Baand og Tvang.
For Norge, Kjempers Fødeland,
vi denne Skaal udtømme!
Henrik Ibsen skreiv diktet «En broder i nød» (1863) i frustrasjon og harme over at nordmennene ikkje stilte opp og helpte til då broderfolket vårt i sør var angripne av Preussen støtta av Austerrike, midt under skandinavismen som lova støtte om eit av grannelanda kom i fare. For Ibsen vart dette berre feitt flesk og store ord.
2. Strofe
De ord, der flød, som om de kom
fra hjertet lige hid,
de var da kun en frase-flom:
og nu er det tørkens tid!
Det træ, som blomstrings-løfter gav
I festens solskinnsvæld,
det står, af stormen kvistet af,
som kors på Nordens ungdoms grav,
den første alvors kveld.
Til slutt frå vår eigen nasjonalsong, strofe 8, av Bjørnstjerne Bjørnson, «Ja, vi elsker» (1859).
8. Strofe
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.
Og som fedres kamp har hevet
det av nød til seir,
også vi, når det blir krevet,
for dets fred slår leir.
Tydlegare kan det vel ikkje seiast, og meir aktuelt kan det ikkje verta.
God frigjeringsdag og god veterandag!