Laster...

Den marinestruktur som er tilrådd i Langtidsplanen er basert på ei grunnleggande feilvurdering av trugsmål og militære utviklingstrekk. Kystsonen er sentral, meiner forfattaren.

Tor Ivar Strømmen, Orlogskaptein
Lærar i sjømakt/Sjøkrigsskulen

I langtidsplan for Forsvaret (LTP) legg Regjeringa opp til ein marinestruktur på fem fregattar, fire ubåtar og noko modulbasert mineryddings-kapasitet, samt Skjold-klassen fram til F35 er operativ. Denne strukturen skal støttast av ulike luftstridskrefter, primært maritime patruljefly (MPA) og F35 kampfly med Joint Strike Missile (JSM). Ifølgje Regjeringa, Forsvarssjefen og jamvel General-inspektøren for Sjøforsvaret er dette tilstrekkeleg til å ivareta forsvaret av -Noreg på og frå havet inntil allierte forsterkingar kjem. Det er eg djupt fagleg ueinig i. Min påstand er at i praksis inneber ein slik struktur ei sterk avgrensing av norsk sjømakt si evne til å løyse sine tre hovudoppgåver og den gir motstandaren store strategiske, operasjonelle og taktiske føremoner. Tilrådd struktur er basert på ei grunnleggande feilvurdering av trugsmål, trong og militære utviklingstrekk. Nedanfor vil eg gjere greie for mitt syn og kva LTP vil ha å seie for vår maritime forsvarsevne.

Tre Krigsoppgåver

Norsk sjømakt sine primære oppgåver i ein krig med Russland kan prinsipielt delast i tre:
• Sjømakta skal hindre maritim maktprojisering mot norsk territorium
• Skal mogleggjere mottak og framføring av allierte forsterkingar,
• Skal bidra til å mogleggjere taktiske motåtak.

Alle tre oppgåvene inneber trong for kystforsvarskapasitetar. Hindring av maritim maktprojisering gjer ein gjennom sjønekting. To, ja sjølv fire, ubåtar utgjer ikkje ein effektiv sjønektingskapasitet dersom dei ikkje er på rett plass til rett tid med di dei har låg taktisk mobilitet og kort effektiv våpenrekkevidde.

Kombinerer ein ubåt med andre nektingsmidlar som antioverflatemissilar og luftmakt, så aukar ein verknaden av nektingsmidlane eksponentielt og reduserer samstundes sjansen for at ein kan bli utmanøvrert i tid og rom, ein skaper då ein multitrugsel som er langt meir ut-fordrande å handtere. Grunna russisk kapasitet til Anti-Access/Area Denial (A2/AD) det vil si russisk evne til å hindre Nato og bruke luft, sjø og landdomene i nord kan ei slik eksponentiell styrking av sjønektingskapasiteten røynleg berre oppnåast gjennom bruk av skjergarden som operasjonsbase for taktiske offensivar med missilberande overflatekampfartøy, gjennom luftmakt og gjennom sjøminer, og aller helst alle midlane samstundes.

I tillegg, så vil russisk maritim maktprojisering i form av ilandføring av materiell og personell vere eit avgjerande element i ein vellukka A2/AD kampanje. Slik maritim maktprojisering tvingar russisk sjømakt inn i kystsonen med di langtrekkande missilar ikkje kan levere anna enn bombardering og nekting. Sjønektingskapasitet i kystsonen er difor sjølvstendig eit avgjerande defensivt verkemiddel.

Skal ein ta imot og føre fram allierte forsterkingar av noko substans, så føreset det sjøkontroll avgrensa i tid og rom der forsterkingar skal kome inn og førast fram. Sjøkontroll har mange aspekt, nokre meir tidkrevjande enn andre. Dei mest tidkrevjande og spesialiserte er minerydding, anti-ubåtoperasjonar og sikring av kyst-sonen. Dersom Noreg ikkje evner å handtere desse aspekta før dei allierte skipa kjem, så vil ein ikkje ha føresetnadene på plass for naudsynt sjøkontroll. Det vil forsinke eller hindre mottak og framføring alliert støtte. Likeeins vil utnytting av amfibiske kapasitetar og framføring av eigne styrker til naudsynte innsatsom-råder, samt forsyning av desse styrkene, krevje kontroll med kystsonen.

Luftmakt, F-35 og sjøkrigen
Frå Forsvarsdepartementet (FD) og andre blir F35 og MPA trekt fram som midlar som skal auke sjønektingskapasiteten vår radikalt. Særleg blir F35 sin kapasitet til å fylle Skjold-klassen si rolle vektlagt. Dette er etter mitt syn i beste fall eit overdrive optimistisk syn. For det første er basestrukturen til luftmakta , sjølv med substansielt styrka luftvern og fortifikasjonar, svært utsett. Flystasjonane må forventast å vere eit hovudmål for russiske A2/AD stridsmidlar. Sjølv om ein ikkje lykkast med å slå ut basane eller flya, så vil kapasiteten til å levere flytokt truleg bli signifikant hemma, og dess meir pressa luftmakta er innan sitt eige domene, dess mindre overskot vil dei ha til å støtte dei andre domena.

MPA er ein avgjerande kapasitet for maritim overvaking og anti-ubåt krig-føring, men har inga overlevingsevne i eit område der fienden har langtrekkande luftvern eller eigne jagarfly. Difor vil MPA i eit krigsscenario primært bidra til føre-buing av sjøkontroll i mottaksaksane for allierte forsterkingar og hovudsakleg i ei anti-ubåt rolle. I Barentshavet vil dei ikkje truleg ikkje kunne spele ei rolle med di A2/AD-trugselen med stort sannsyn vil hindre deira operasjonar fullstendig.

F35 sin kapasitet til å erstatte Skjold-klassen i ei sjønektingsrolle er i beste fall tvilsam. Dersom ein skal engasjere vesentlege russiske sjøstridskrefter, så må ein levere store koordinerte missilsalver som mettar deira defensive system. Mettar ein ikkje den defensive kapasiteten, så vil ein få liten eller ingen effekt i måla. Ein F35 kan maksimalt levere to JSM, truleg berre ein dersom avstanden frå heimebase er stor. Skal ein levere ei salve på t.d. 24 missilar, altså kva tre korvettar kan levere, så treng ein 12-24 fly berre for å føre fram våpna. Dertil kjem trongen for å skaffe måldata og sikre luftrommet i tilstrekkeleg grad. Eit marginalt åtak på russiske sjøkontrolloperasjonar vil difor krevje store delar av Noreg si samla kampflystyrke for å ha røynleg verdi. I kva grad ei slik mobilisering av kampkraft i det heile er tru-verdig bør ein stille store spørsmål ved. Den rolla F35 derimot kan spele i sjønekting er å vere ein mogleggjerer og ein komplementær kapasitet. Dei kan levere måldata til andre plattformar og dei kan auke den samla trugselen mot russiske overflateeiningar vesentleg utover kva ubåtar og overflatekampfartøy aleine -utgjer. Slik bruk vil ikkje krevje mange fly og er difor langt meir oppnåeleg.

Ein struktur utan Kystjegerar, korvettar og Sjøheimevern inneber ei avvikling av 450 år med kompetansebygging innan kyst-forsvar. Ei kompleks kystsone som vår er utvilsamt den mest utfordrande arenaen for maritim krigføring som finnast og den gir oss ei ekstraordinær føremon i strategisk defensive operasjonar, og minst like mykje no som før. Gjennom historia har Noreg bygd ein kompetanse på operasjonar i slike farvatn som er verdsleiande. Den kompetansen vil forvitre på få år dersom LTP blir røyndom og vil vere svært tid og ressurskrevjande å bygge opp igjen. LTP inneber difor at me gir opp både vår største militærgeografiske -føremon, kystsonen, og kompetansen til å bruke den.

Konklusjon
Konsekvensen av russisk A2/AD, samt våre eigne sjømilitære hovudoppgåver, er ikkje ein redusert trong for å bruke og kontrollere kystsonen. Skal Noreg evne å skape eit truverdig forsvar mot maritim maktprojisering, handtere dei tidskrevjande aspekta ved sjøkontrolloperasjonar i mottaks og framføringsaksane for alliert støtte, samt sikre eigen manøverfridom i kystsonen, så føreset det vesentlege kystforsvarskapasitetar. I LTP finnast ikkje slike kapasitetar.

Forsvar av Noreg inneber trong for robuste og komplimentære verkemidlar for sjønekting. Dvs. ubåtar, små fartøy med langtrekkande anti-overflate missilar og helst sjøminer som innsnevrar fienden sitt manøverrom og gir eigentrygging. Ein bør dessutan ha einingar som gjer det mogleg å oppretthalde ei størst mogleg grad av manøverfridom i kystsonen. Ein treng også robuste kapasitetar for å handtere dei mest tidskrevjande aspekta ved etablering av lokal og tidsavgrensa sjøkontroll for mottak og framføring av allierte forsterkingar, altså anti-ubåt og minerydding. Slike tidskrevjande sjøkontrollkapasitetar mogleggjer også styrkekonsentrasjon og flankemanøvrar som t.d. amfibiske operasjonar.

LTP sine strukturval vil difor truleg ikkje kunne løyse nokon av sjømakta sine hovudoppgåver med mindre me har flaks og møter ein fiende som unnlèt å utnytte våre svake sider. Å basere seg på fiendtleg dumskap er ikkje ein fornuftsbasert tilnærming til forsvar av Noreg!

Ei hovudoppgåve for russisk militærmakt i nord er å trygge dei strategiske ubåtane gjennom å hindre NATOs luft og sjøstridskrefter i  å trenge  inn i Norskehavet og Barentshavet.

Av |2017-01-09T09:44:40+00:0020. september 2016|Kategorier: Norges Forsvar 4-2016|Tags: |